Livet er ein forunderleg ting. Når du flytta inn i huset ditt, så er det perfekt: Ein god stad å bu og nyte både kvardag og helg.
Men livet har ein tendens til å endre seg. Kanskje fekk de ein attpåklatt? Eller fekk brått mannen i huset på ny lyst til å øve på trommesettet sitt? Kanskje treng de eit hobbyrom? Og så var det den der heimekinoen de alltid har drøymt om.
Det er mange grunnar til at folk vel å bygge om eller bygge på bustaden sin. Det som virka fornuftig for ein småbarnsfamilie er ikkje alltid det som høver best når ein er godt vaksen. Tidligare var ein ikkje like oppteken av livsløpsstandard som i dag. Det kan til dømes vere greitt å ha soverom, bad, stove og kjøkken på hovudplan.
Same kva som er årsaka til at du ønskjer å bygge på eller bygge om heimen, så løyser vi og ønska du måtte ha til påbygget. Vårt dyktige team av tømrarar har bygd seg gjennom kvart einaste ny byggforskrift sidan 1976. Den kunnskapen og rutinen er din garanti for ein godt utført jobb.

Døme på typiske påbygg eller ombyggingar:
Større bad/nytt bad
Bygge om til livsløpsstandard
Nytt soverom
Hobbyrom
Heimekinorom