Ola Drage

Lokal entreprenør – i fem tiår

O. Drage Entreprenør AS starta i Førde i 1970. Men det er ei forhistorie, om ei reise frå Stad til Bergen, som den gong tok 10 timar. Ola Drage, kona Eli og eldstesonen Hans, rasta litt på Reset. Medan dei åt, kika dei ut over Førde. ”Her hadde det vore fint å bu”, sa dei og køyrte vidare. Der kunne historia ha stogga, men nokre år etter flytta familien til Førde.
Ola kjøpte entreprenørselskap Harald Øen og stifta O. Drage Entreprenør AS. Første oppdraget var å bygge utandørs symjebasseng for Sunnfjord Hotell i 1970.

Folketalet auka i Førde, og bustadbehovet var stort. O. Drage sitt første store oppdrag var totalentreprisen på Hogane Burettslag i 1972. Med det vart selskapet ein av aktørane som bygde Førde i dei hektiske åra frå 70-talet og fram til no. Dei fekk totalentreprisen på mange oppdrag, store og små, og fleire av dei for Førde Bustadbyggelag. Utfordringar vart løyst rasjonelt og godt, og selskapet fekk eit stort løft. I åra seinare har O. Drage Entreprenør AS bygd fleire hundre bustadar i Førde, blant anna i Brendeholten i Slåttebakkane og på Tefre.
Dei siste åra har selskapet hatt eit stort byggeprosjekt i eigen regi: Hafstadhagen. I 2017 går dei i gang med Atriumhagen, eit nytt og stort bustadprosjekt i same område.

Selskapet består i dag av O. Drage Entreprenør, og eigedomsselskapet O. Drage AS. På slutten av 70-talet byrja O. Drage AS å investere i fast eigedom. Selskapet bygde Dragebygget på Kronborg. Bygget sto klart i 1979, men vart utvida i etappar. Siste utbygging gav rom til Teknisk Fagskule. Bygget vart ein viktig milepåle. I 1994 sto også Sanderplassen 5 ferdig. O. Drage AS har også kjøpt næringseigedommar, der majoriteten ligg i Sogn og Fjordane.

Visjonen i O. Drage AS er at den som driv selskapet, også skal eige det. Eigarskap til framtida, kopla med glede og interesse for det ein driv med, er ei suksessoppskrift. Generasjonsskiftet kom ut av eit genuint ønske frå neste generasjon om å drive selskapet. Dagleg leiar Jørgen Drage og Bjørn Drage eig 50 prosent kvar. Dei er opptekne av å ta vare på verdiane og prinsippa selskapet er tufta på. Kvalitet i alle ledd, som gir nøgde og trygge kundar. Vi har drive i 47 år – utan eit alvorleg arbeidsuhell eller konflikt med verken byggherrar eller det offentlege. O. Drage AS skal vere eit trygt val for kundane våre – også i framtida.

Jørgen Drage
Dagleg leiar

O. Drage Entreprenør – eit trygt val

O. Drage Entreprenør er eit lite familieeigd selskap. Det har bydd seg høve til å skape eit større selskap, men vi finn glede i å ha nærleik til prosjekta, frå anbod til ferdig bygg, og vere aktive ute på byggeplass. Vi ønskjer å vere hovudentreprenør på prosjekt vi går inn i, og nyttar underleverandørar vi kjenner, og veit kan levere godt arbeid.
Byggebransjen har endra seg veldig i selskapet si levetid. Både i høve krav frå det offentlege, kva bygg ein set opp, og metodar og verktøy ein nyttar. Vi har utvikla oss og lagt i forkant. I starten var det eit fysisk slit å bygge. Når betong skulle opp i etasjane, nytta ein skråløypebane og trillebår. Ein mann skubba trillebåra, og ein sprang føre og drog med krok. Vi såg tidleg at teknologi letta strevet. Som første entreprenør i Førde kjøpte vi mobilkran i 1975.

Tilsette

Jan Ove Mulen
Tømrar/betongarbeidar

Jan Ove Mulen har jobba i O. Drage Entreprenør i 38 år. Jan Ove er utdanna tørmrar og betongarbeidar, og har vore med på å sette opp fleire hundre hus. Han er ein arbeidsjern, og vårt unikum.

Kato Skauge
Tømrar

Kato Skauge er ein svært dyktige og erfaren tømrar, og ei viktig brikke i selskapet.

Jørgen Espeland
Tømrar

Jørgen Espeland er siste tilskot på stammen. Han byrja i desember 2016, og vi kunne ikkje late høvet gå frå oss når vi fekk moglegheita til å tilsette ein så dyktig kar.