Å kjøpe hus er den største investeringa dei fleste av oss gjer i livet. Det er få augneblink i livet som kan måle seg med det å kunne sette nøkkelen i døra på din nye heim.
Difor er det viktig at ein føler seg trygg på selskapet ein vel til å bygge huset sitt.
O. Drage Entreprenør AS er eit lite, lokalt selskap. Vårt omdømme er summen av våre kundar gjennom 50 år. Vi bur og jobbar i Førde, og er særs opptekne av nøgde kundar. Det er dei vi lev av – og det er dei vi jobbar for.

Det blir sagt at ein må bygge tre hus før ein er i mål med drøymehuset ditt. Det er tusen ting ein må ta omsyn til, tenke over og ta stilling til. O. Drage Entreprenør AS har bygd fleire hundre bustadar i Førde sidan 1970. Vi har vore med på å bygge Førde – og det har gitt oss verdifull erfaring.
Vårt dyktige team av tømrarar, har bygd seg gjennom kvart einaste ny byggforskrift sidan 1976, tek jobben med å bygge din drøymebustad.
Vi har brei erfaring frå alt frå å prosjektere frittståande einebustadar – til å bygge eit heilt felt med kjeda einebustadar. Den erfaringa kjem deg til gode i ditt prosjekt.
Saman med våre samarbeidspartar tek vi ditt husprosjekt frå ide til du opnar døra på din nye heim for første gang.