Drage Entreprenør As er eit familieeigd selskap. Vi har sidan 1970 bygd ut hundrevis av heimar i Førde. Som ein lokal entreprenør finn vi glede i å ha nærleik til prosjekta, frå anbod til ferdig bygg, og vere aktive ute på byggeplass. Difor ønskjer å vere hovudentreprenør på prosjekt vi går inn i, og vi nyttar underleverandørar vi kjenner, og veit kan levere godt arbeid. Vi likar å samarbeide med dei beste aktørane lokalt.

Vårt mål er å alltid levere topp kvalitet – frå start til mål.

Drage Entreprenør As bygger ikkje hus – vi skaper spennande, moderne og framtidsretta heimar!

Tømrarar og betongarbeidarar

VIL DU BLI MED PÅ LAGET?

Drage Entreprenør As har aukande oppdragsmengde, i tillegg til eigne spennande prosjekt. Difor må vi utvide «laget» vårt med ein spelar til.

VARIERT OG SPENNANDE ARBEIDSKVARDAG:

Vi har for tida mange prosjekt på gang alt frå einebustad til store forretningsbygg.

VI ER PÅ JAKT ETTER DEG SOM:

Er ein fagleg dyktig tømrar/betongarbeidar, og har lyst å utvikle deg i eit fagleg sterkt team, evner å ta avgjersler og løyse utfordringar. Du har blikk for detaljar, men evnar og å sjå heilskapen på ein byggeplass. Har yrkesstoltheit, tek ansvar og leverer kvalitet.

KRAV TIL STILLINGA:

Relevant erfaring. Fordel med fagbrev men dette er ikkje eit krav.

LØN ETTER AVTALE:

I O. Drage Entreprenør As trur vi på at når ein gir folk tillit og ansvar –blir sluttresultatet betre. Som tilsett hos oss får du stor fridom og tillit i arbeidskvardagen. Send søknad med CV og referansar til dagleg leiar Jørgen Drage, på jorgen@drage.no

Har du spørsmål, kontakt Jørgen på 951 60 016

Søknadsfrist 30. juni 2023